Hei. No er det snart sommarferie og det er eksamen og avsluttande prøve for dei fleste elevane på yrkesfaga.
Til hausten 2012 blir kjøkenet på RM flytta til nye lokale med topp moderne utstyr for bruk til instutisjonskjøken, restaurant og matfag. Helse og sosialfag får også eit nytt øvingsrom med sengepostar og anna utstyr som trengs.
For alle nye elever som kjem til oss på yrkesfag er dykk hjarteleg velkomen til eit nytt og spennande skuleår 2012-13.
Kokkeelevane var i mai hospitert hos ein skule i Kalmar i Sverige. Der var dei med i klassene til elevane på jenny Nystromskolan. Bilete er linka til venstre i menyen.
Skuledagen vår:
Modellen på yrkesfag er slik at mykje av undervisninga i ein del fellesfag blir køyrt felles, mens programfaga blir undervist i mindre grupper.
Yrkesfaga legg opp til at du f. eks. tar eit studium på 2 år, og 2 år i praksis som fører til fagbrev. Eller du tar eit studium på 3 år som fører til generell studiekompetanse.
Modellen vi praktiserer på yrkesfag, er basert på to dagar for veka med fellesfag ( norsk, engelsk, matte, naturfag og kroppsøving), mens det er programfag dei andre dagane. Det betyr praksis, teori og utplassering i den klassa du har valt( hs, tip eller restaurant og matfag).
Velkomen til oss!