Vårfest i Stranda
Torsdag 29. april blei det laga vårfest på omsorgbustaden på Stranda. Det var elevar ved matfag og helse-og sosialfag på Stranda vidaregåande skule som var ansvarlege for arrangementet. Dei laga ein triveleg fest for dei eldre med program og bevertning. Her var mykje god og tradisjonell mat, blant anna rjomegraut og sveler laga av fersk syrna mjølkeprodukt gitt frå meieriet i mjølkespann. Elevane hadde også laga songhefte, og lærararane Per Alnes og Anna Lisa Drabløs spelte piano og var forsangarar.
Det var også samla inn mange fine gevinstar frå næringslivet på Stranda, og desse blei lodda ut. Sjølvsagt var lodda gratis.
Paul Hole frå Sykkylven fortalte frå krigens dager, og han viste også fram delar av vraket av eit tysk bombefly som styrta i Velledalen under krigen.
Styraren synes arrangementet var så vellukka at det bør bli ein tradisjon. Ho ynskte og at elevane etter utdanning ville kome å jobbe hos dei, for slike flotte elevar vil arbeidslivet gjerne ha!